Preg barnehager Vestnes har som ei av sine målsettingar å gje barna ein god kvardag. Med dette meiner vi ein kvardag som organiserast og tek omsyn til barns rett og behov for:
- tilgjengelege, tydelege og bekreftande vaksne
- ein forutsigbar, tilrettelagt og oversiktleg dag med tid og rom til leik
- å bli møtt av vaksne med ei lyttande og leikande haldning
- å være forskjellig (å bli sett ut frå individuelle behov/ føresetnader)
- tid og ro til bearbeiding av inntrykk og opplevingar
- å stimulerast til kreativitet og utfalding
- glede og humor
- å få delta i leik og ha venner
- ein dag med god balanse mellom ro/kvile og aktivitetar
- å kjede seg (det vil sei tid til å tusle, tenke og filosofere)
- å få kunnskapar og utvikle ferdigheitar innanfor alle utviklingsområde tilpassa alder og individuelle føresetnader.
- å føle livsglede og eigenverdi og oppleve meistring
- tid til undring over eksistensielle spørsmål og aktuelle tema
- å være delaktig i å kunne påvirke sin eigen kvardag