Preg barnehager Vestnes

Preg barnehager Vestnes er ein privat barnehage som ligg sentrumsnært, men samtidig fint og landleg til på Hagneset i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Vi har to avdelingar i barnehagen, Blåklokka (2- 5 år) og Marihøna (1-4 år) med til saman 48 plassar. Hausten 2024 vart vi ferdige med renovering av taket og fekk samtidig noko utvida areal på begge avdelingar.  

 

Preg barnehager Vestnes er ein del av NLM (Misjonssambandet) sine barnehagar rundt om i Norge. Alle barnehagane knytt til NLM har no Preg barnehager som felles namn og har felles visjon "Sammen om å sette verdifulle spor".   

Sjølv om alle barnehagane i Preg no er eige AS Vi har ein felles overordna administrasjon og vi er medlem i PBL (Private barnehagers landsforbund).    

Lov om barnehagar med forskrifter og Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver bestemmer innhald og rammer for barnehagen vår. I samsvar med barnehagelova si §1a andre ledd vert barnehagen dreve med kristent føremål.

Vi ynskjer å vere ein barnehage der alle føler seg verdsett for den ein er og sjå alle som like verdifulle.

Ved å sjå i årsplana vår får ein vite litt meir om arbeidet vårt. Den ligg her på heimesida på forsida og under fanen "planar".                                      

Vi har felles opptak med Vestnes kommune (gå inn digitalt på Vestnes kommune si heimeside og søk der). Søknadsfristen er 1. mars kvart år. 

 

Velkommen til å søkje plass i vår barnehage!